gjennomføre mottakskontroll og lagerrullering og vurdere samanhengen mellom vareflyt, svinn og ressursutnytting
sikre trygg matproduksjon gjennom å praktisere god personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene, i samsvar med rutinane og regelverket til verksemda, og gjere greie for konsekvensar av avvik
forstå og arbeide i tråd med kvalitetssystem og reflektere over kor viktig dette arbeidet er for verksemda, kundar og samarbeidspartnarar
anvende råvarer og hjelpe- og tilsetjingsstoff og forklare korleis produktsamansetning og produksjonsprosessar påverkar kvalitet, næringsinnhald og haldbarheit
tolke og følgje flytskjema og forklare kva som skjer i produksjonsprosessen, identifisere kontrollpunkt og forklare kva som kan vere kritisk
klargjere, drifte, overvake og omstille maskiner og utstyr og forklare korleis dette påverkar effektivitet
bruke verktøy, maskiner og utstyr på ein kvalifisert måte, utføre førebyggjande dagleg vedlikehald og operatørvedlikehald, rapportere feil og gjere greie for konsekvensar ved avvik
identifisere og rette driftsforstyrringar, registrere og gjere greie for bruken av driftsdata
gjere greie for og produsere etter ein produksjonsplan og spesifikasjonar og drøfte korleis dette kan bidra til å etterleve kundekrav
anvende emballerings- og lagringsmetodar og gjere greie for korleis dette påverkar kvalitet og ressursutnytting
reflektere over korleis ønskte og uønskte mikroorganismar kan påverke råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer og gjere greie for tiltak for å styre førekomsten
gjere greie for og følgje rutinar for skadedyrnedkjemping i verksemda
gjennomføre berekningar og enkle kalkulasjonar og drøfte faktorar som påverkar dei økonomiske resultata til verksemda
samarbeide med støttefunksjonar i verksemda for å sikre effektiv drift, og gjere greie for kva faktorar som påverkar produktiviteten
gjere greie for og handtere avfall i verksemda og reflektere over korleis avfall og utslepp påverkar miljøet
følgje krav og rutinar for merking og sporing og reflektere over konsekvensar ved avvik
drøfte etiske dilemma ved produksjon og omsetning av mat- og drikkevarer og gjere medvitne og berekraftige val
utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap, og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
utvikle faglege ferdigheiter, arbeide effektivt og reflektere over tiltak som kan bidra til innovasjon og forbetringsarbeid i verksemda
følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk riktig, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmyndigheitene har overfor verksemda
reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar dagleg drift
gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv